Service og reparasjon
Ei maskin som står, kostar. Vi tek service og reparasjon på maskiner og utstyr til anlegg og landbruk – frå planlagt vedlikehald til feil som må rettast før arbeidet kan halde fram.
IllustrasjonsbiletePlanlagt vedlikehald
Jamleg service er den enklaste vegen til driftssikkerheit. Vi skiftar filter, olje og slitedelar, og ser over maskina medan ho likevel står inne.
Feil som må rettast
Når noko sviktar, går vi laus på det konkrete problemet. Mekaniske og hydrauliske feil kan ofte løysast på same staden, sidan vi har både verkstad og hydraulikk under same tak.
På verkstaden eller ute
Arbeidet kan gjerast på verkstaden i Hyllestad Utviklingspark, eller med mobil verkstad der maskina står. Kva som passar best, avtalar vi saman.
Dette er fint å ha klart når du ringjer
- Maskintype, merke og modell
- Kva som skjer – lydar, lekkasjar, feilmeldingar
- Kvar maskina står, og om ho kan flyttast
- Eventuelle delenummer eller tidlegare reparasjonar
Relaterte tenester
Kva treng maskina di?
Fortel oss kva utstyr det gjeld, og kva du treng hjelp med. Ta gjerne med maskintype og ei kort skildring av problemet.
Verkstaden er open etter avtale · Bøfjordvegen 98, 6953 Leirvik i Sogn
Til kontaktsida


